Mer informasjon her:
Om tb.utrop!
Tønsbergs BladArkiv
VESTFOLDS FØRSTE KJENDISFORFATTER: Gretas Molander var den første kjendisforfatteren i Vestfold – og hun ble kjendis før fjernsynet kom, skriver artikkelforfatteren.
Kjøp bilde
Ordet «kjendis» blei første gong brukt i eit svensk TV-program i 1963 og deretter ganske snart teke i bruk her til lands. Noko som nok hadde samanheng med at NRK Fjernsynet opna i 1960, ein institusjon som skapte mange kjendisar og som førte til ein sterk ekspansjon av kjendislitteraturen. Den eine kjendisen etter den andre stod fram med bok; litteraturen blei ein del av iscenesetjinga av seg sjølv. Dei og på den andre sida tabloidavisene, tabloid-tv og vekeblada kom i eit gjensidig avhengigheitsforhold til kvarandre.
Miss Rally Monte Carlo, alias Greta Molander (1908-2002), var den første kjendisforfattaren i Vestfold. Og ho blei kjendis før fjernsynet kom. Ho voks opp i Ystad i Sverige, farta rundt i verda før ho flytta til Veierland og Sandefjord.
I 1929 deltok ho for første gong i eit billøp og blei superkjendis over store delar av verda som rallydronning gjennom sine mange deltakingar i det mondene Monacos Rally Monte Carlo frå 1934 til 1973, der ho vann dameklassen i 1937.
Gjennom lange bilturar sleit og svidde ho gummi over store delar av Europa, Afrika og USA, lenge før bilen var blitt allemannseige.
Med sitt blonderte hår og sin maskuline, uforferda livsstil blei ho overalt ettertrakta av dei store avisene på kontinentet og i USA, For ei dame og for eit oppslag! Journalistane skreiv, fotografane blitsa. Sjølvaste Clark Gable gav henne kompliment for hennar vakre hår.
I 1938 gifta ho seg med nordmannen Kaare Jahn Barth (1909-1992), som skreiv lett og godt under signaturen «Petrus». Sommaren 1940 oppdaga dei sommarparadiset Veierland, der dei bygde hytte på ein draumeeigedom. Etter hektiske etterkrigsår med reising, rallykjøring, business og glamour slo dei seg i 1958 ned på Veierland nærast for godt, sjølv om ho seinare starta helsesenter i Sandefjord der dei òg budde. Saman etablerte dei eit «litterært småbruk» på Veierland.
Den 24. mai 1958 hadde dei sin første petit på trykk i Tønsbergs Blad under signaturen «Greta og Petrus». Under denne signaturen blei dei allemannseige på 1960-talet. Til saman leverte dei petitar og artiklar til ni aviser i Noreg, Danmark og Sverige. Det var han som skreiv, ofte på grunnlag av hennar notat, og ho illustustrerte. Men han er ikkje registrert som forfattar hos Nasjonalbiblioteket fordi han medvite brukte «Greta» eller «Greta Molander» som forfattarnamn.
Dette tillfellet med «Bilsportens Marlene Dietrich» som parkerte på Veierland illustrerer at eit stort kjendisnamn var blitt ei «merkevare» som kunne utnyttast kommersielt på den litterære marknaden. Og at namnet var viktigare enn den litterære kvaliteten. Ho gav ut fem bøker, to av dei i Sverige. Saman gav dei ut til saman 10 bøker. Dei mest kjende er kanskje Med Helga til Haifa (1945) og Petrus på Øya (1960). Med Kaare Jahn Barth gjorde dekknamnforfattaren (eng. ghostwriter) sitt inntog i vestfoldlitteraturen.
Dette er det første av tre utdrag fra «Vestfolds litteraturhistorie 1000 – 2000 : Sakprosa og skjønnlitteratur», som Tønsbergs Blad trykker med tillatelse fra forfatteren og forlaget. Dagens utdrag er fra kapitlet «Kjendis- og humorlitteratur» fra perioden 1945 –2000. Boka er nylig lansert.
Publisert tirsdag 12. januar 2010 kl. 14:13.
Årets første høstlige helg la ingen demper på bylivet. Sjekk helgens fangst!
Følg våre tippekonkurranser fra uke til uke
Gå hit for eliteserien, hit for 2. div og hit for 3. div.
Hva synes du om spillernes innsats?
Er du enig med våre journalister? Gi oss din vurdering!
Kampstart om:
| Uke | Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 35 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 36 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 37 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 38 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 39 | 27 | 28 | 29 | 30 | |||
| 40 |
| 28.08 - 26.12 | Kings & Queens på Baku | |
| Thursday | 02.09 | Glasshytta i Vivestad |
| Thursday | 02.09 | Fotoutstilling |
| Thursday | 02.09 | Kunstmarked - over 45 etablerte kunstnere! |
| 02.09 - 02.09 | Quiz på James Clark | |
La din mening bli hørt
DETTE ER TB-TINGET: En base av lesere som har sagt ja til å delta i spørreundersøkelser om aktuelle saker. BLI MED!
(8 bilder)
(5 bilder)
(29 bilder)
(18 bilder)
(39 bilder)
(22 bilder)
Det skjer i august hvert eneste år. Skolene starter (endelig) opp igjen. Politikerne setter i gang d ...
Det er noe herlig bedritent over det hele. Du vet, den dagen i året da ivrige mosjonister trer seg ...
«Det var vått, det var kaldt, det var gjørmete. Men mest av alt var det morsomt. Det va...»
«Etter å ha lest dette er jeg ikke i tvil om at du hadde den beste norsklæreren før somm...»
«Tror Tønsberg kommune snart bør ta konsekvensene av at vi bor i Norges (Skandinavias) el...»
Følg lokale bloggereHusker du sportsbegivenhetene fra sist uke? Test deg her!
test dine sportskunnskaper her!
NETTKJØRT: En av flere bilprodusenter som har presset seg under 100-tallet for CO2-utslipp, er Peugeot med sin 207 med 1.6 HDi-motor.
Arash er en bil mange har kalt Englands Veyron men frem til nå har den bare eksistert som skisser og løse deler. Nå er den første klar.
For å signalisere at dette ikke er en rommelig stasjonsvogn i vanlig betydning, har Volvo døpt nykommeren Sportswagon. De som vil ha stor lasteplass, henvises til V70 eller XC70.